

Små Vesen

Kokende vørter i kokekar Små Vesen

Bryggerhus hjå Små Vesen

Små Vesen Valdres servering mat øl drikke spekemat ost olestølen kurv

Kokende vørter i kokekar Små Vesen
Små Vesen er eit bryggeri i Aurdal, Valdres. Me brygger øl med vekt på godt handverk og lagspel med dei underjordiske.
Ein skal ikkje lenger attende i folketrua enn til 1800-talet, då trudde folk det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet. Ja, ein kunne sjå dei i bruset og boblene. Desse små vesena set me stor pris på, difor bryggeriet Små Vesen.
Bryggeriet på Anmarkrud Gard opna i 2015 og i bryggerhuset vert det årleg produsert kring 80 000 liter øl. Me brygger handverksøl med lite bruk av automatikk og maskineri, men med mykje manuelt arbeid. På den måten sparar me på dei gode smakane og ikkje minst gleda ved å brygge godt øl. I utsalet vårt kan du kjøpe ølet vårt på flaske og fat, samt gåvepakningar, glas og anna fint.


"Små Vesen er eit lite bryggeri som tenker stort"
BRYGGERIUTSAL

Utsalet i bryggeriet er ope torsdag og fredag 09-16, elles ope så sant døra er open. Om døra er stengd, så er me dessverre ikkje nok mannskap på jobb for å ta imot deg :-)
I utsalet kan du få kjøptjolekalender, alle våre øl på 4,7% i flaske og på fat, ølglas, gåvepakker i tre, og litt meir..
Skal du feire jubileum, arrangere firmafest, organisere hyttetur eller anna der du treng meir enn ei og ei flaske? Då kan Små Vesen levere alt du treng av tappetårn og fatøl. Såpass hendig at du får plass til alt bak i bilen!
Du kan sjølvsagt også kjøpe gåvekort på valfritt beløp, som kan nyttast i utsalet eller på arrangement i bryggeriet!



gåvekort gavekort




Tappetårn øl utleie leige leie

Prisliste i utsalet
Sjå skildring av øl og vesen nedst på sida
- Vardøger Pils, 0,33l flaske - 45,-
Fat: 20ltr 2020,- 10ltr 1010,-
- Skipsnisse IPA, 0,33l flaske - 45,-
Fat: 20ltr 2020,- 10ltr 1010,-
- Audhumla Pale Ale, 0,33l flaske - 45,-
Fat: 20ltr 2020,-
- Vette Kveiteøl, 0,33l flaske - 45,-
Fat: 20ltr 2020,-
- Besseggen Blånd, 0,33l flaske - 45,-
Fat: 20ltr 2020,-
- Skogsrå Bringebærøl, 0,33l flaske - 45,-
- Rimtusse Porter, 0,33l flaske - 45,-
- Marmæle Rakfiskøl, 0,33l flaske - 45,-
- Fjøsnisse Joleøl, 0,33l flaske - 45,-
- Knippa Brisk IPA, 0,33l flaske - 45,-
- Tyin ICE, 0,33l flaske - 45,-
- Svingen Pils, 0,33l flaske - 45,-
- Leige tappetårn for ei helg - 200,-
- Gåvepakk 6pk i tre, 320,- (m/øl: 590,-)
- Ølglas med Små Vesen logo, 125,- (6stk 600,-)
- Gåvepakk 4pk i papp, 40,- (m/øl 220,-)
- Gåvepakk m/ glas og 2 ølflasker - 220,-
- Ølplanke med 4 smaksglas, 450,-

Små Vesen © 2022