top of page
smaavesen_bryggeriet-hero1.webp

VELKOMEN TIL GARDS!

Bryggeriet ligg i Aurdal, i hjartet av Valdres. I bryggerhuset på Anmarkrud Gard brygger me øl med vekt på godt handverk og lagspel med dei underjordiske. Så seint som på 1800-talet trudde folk at det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet. Ja, ein kunne sjå dei i bruset og boblene. Her på garden lever sjølsagt denne førestillinga framleis i beste velgåande, og alt me gjer er ei hyllest til desse små vesena.

smaavesen-bryggeriet-artwork.webp
smaavesen_bryggeriet2.webp
smaavesen-bryggeriet-1.webp

Bryggeriet på Anmarkrud Gard opna i 2015 og i bryggerhuset vert det årleg produsert kring 80 000 liter øl. Me brygger handverksøl med lite bruk av automatikk og maskineri, men med mykje manuelt arbeid.

På den måten sparar me på dei gode smakane og ikkje minst gleda ved å brygge godt øl. 

smaavesen_bryggeriet4.webp

I utsalet på bryggeriet kan du kjøpe ølet vårt på flaske og fat, samt gåvepakningar, glas og anna fint. Skal du feire jubileum, arrangere firmafest, organisere hyttetur eller anna der du treng meir enn ei og ei flaske?

Då kan Små Vesen levere alt du treng av tappetårn og fatøl. Såpass hendig at du får plass til alt bak i bilen!

smaavesen-bryggeriet3-1.webp

bottom of page